XSLÅ.OPP

Søkjer etter ein verdi i ei matrise og returnerer referansen til ei celle eller eit celleområde.

XSLÅ.OPP-funksjonen er ei moderne og fleksibel erstatning for eldre funksjonar som FINN.RAD, FINN.KOLONNE og SLÅ.OPP. XSLÅ.OPP støttar både omtrentleg og nøyaktig samsvar, jokerteikn (* ?) for delvise treff og oppslag i loddrette eller vassrette område. XSLÅ.OPP kan utføra eit omvendt søk og har eit raskt binært søkjealternativ når du arbeidar med store datasett.

Syntaks

XSLÅ.OPP([SlåOpp]; Matrise; Retur [;[ IkkjeFunne][; Samsvartype][; Søkjemodus ]]] )

SlåOpp: (valfri) Ein verdi av kva type som helst som det skal søkjast etter i Matrise. Viss denne er sløyfa, vil XSLÅ.OPP returnera blanke celler som måtte finnast i Matrise.

Matrise: er referansen for matrisa det skal søkjast i. Matrisa må vera eindimensjonal og finnast i berre eitt ark.

Retur: er referansen for matrisen eller området som skal returnerast.

note

Viss Retur er eit celleområde, må funksjonen XSLÅ.OPP skrivast inn som ein matriseformel.


IkkjeFunne: ein tekst eller eit celleinnhald som skal returnerast viss SlåOpp-verdien ikkje vert funnen. Viss det ikkje vert gjort funn og IkkjeFunne er sløyfa, vil funksjonen returner #I/T-feilen.

Samsvartype: (valfri) spesifiserer typen samsvar. Verdiane kan vera:

Søkjemodus: (valfri) spesifiserer kva søkjemodus som skal brukast.

note

Funksjonen skil aldri mellom store og små bokstavar, uavhengig av innstillingane i avkryssingsboksen Skil mellom store og små bokstavar i LibreOfficeDev Calc → Rekn ut.


note

Kva som helst av dei valfrie argumenta kan sløydast. Eit valfritt argument må innleiast med dei føregåande skiljeteikna.


Eksempel

Gå ut frå at vi har laga ein liten databasetabell i celleområdet A1:DO4 som inneheld grunnopplysningar om 118 kjemiske element. Den første kolonnen inneheld radoverskriftene «Element», «Symbol», «Atomnummer» og «Relativ atommasse». Dei neste kolonnane inneheld dei relevante opplysningane for kvart element, ordna frå venstre mot høgre etter atomnummer. Cellene B1:B4 inneheld for eksempel «Hydrogen», «H», «1» og «1,008», medan cellene DO1:DO4 inneheld «Oganesson», «Og», «118» og «294».

A

B

C

D

...

DO

1

Element

Hydrogen

Helium

Lithium

...

Oganesson

2

Symbol

H

He

Li

...

Og

3

Atomnummer

1

2

3

...

118

4

Relativ atommasse

1.008

4.0026

6.94

...

294


{=XSLÅ.OPP("Atomnummer";A2:A4;A2:DO4)} returnerer matrisa

Atomic Number

1

2

3

...

118


{=XSLÅ.OPP("Helium";B1:DO1;B1:DO4)} returnerer matrisa

Helium

He

2

4.0026


{=XSLÅ.OPP("Kryptonitt";B1:DO1;B1:DO4;"Ukjend element")} returnerer matrisa {"Ukjend element","Ukjend element","Ukjend element","Ukjend element"}.

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOfficeDev 24.8.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.XLOOKUP